Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Velkomen til gardsferie på Vetlemyrane!

COVID -19: Her er det trygt å væra, bu og feriere. Me gjer dei tiltaka som trengs for at det skal væra trygt å koma til oss; reinhaldet tek me sjølve og vaskar grundig både overflater og handtak mellom overnattande gjester. Her er det ingen problem å halde god avstand til kvarandre. 

Hos oss kan de bu i Gamlestovo på tunet. Vetlemyrane ligg i Hardanger nært Øystese sentrum, om lag 1,5 time frå Bergen med buss eller bil. 

Her kan de finne roen.Tunet ligg stilt og fredelig til, i eit vakkert kulturlandskap omkransa av storslått natur. Vi ynskjer dykk ein triveleg ferie tett på naturen.

Frå Vetlemyrane kan de ta dagsturar til kjente attraksjonar i nærområdet, som Folgefonna, Trolltunga, Vøringsfossen, Flåmsbanen og verdsarvområdet i Nærøyfjorden. 
 
På Vetlemyrane har vi sauar og hundar. Om de ynskjer kan de vere med oss å stelle dyra, eller de kan vere med når vi ser til sauene på beitet. Hundane er lært opp til å gjete sau, og som oftast er dei med oss.

I nærområdet er det mange moglegheiter for varierte og gode friluftsopplevingar, både ved Hardangerfjorden og i fjellet.

Vi hjelper dykk gjerne med turforslag, tilpassa dykkar ynskje.
 
 
Overnatting - Gamlestovo

Saman med dei andre husa i tunet vart Gamlestovo flytt frå Øystese sentrum til Vetlemyrane.

Det er ei lemstove frå tidleg 1800-talet, det eldste tømmeret i gamlestovo har vore nytta oppatt og er truleg eldre.
Då me restaurerte gamlestovo ynskte me å bevare det gamle preget på huset.

I fyrste etasje er det stor stove, kjøkkenkrok, soverom m/ dobbeltseng og bad m/ varmekablar og dusjhjørne. I andre etasje, på ”lemmen”, er det eit soverom med ein dobbeltseng, ein enkeltseng og babyseng. I tillegg er det to sengar i ein mellomgang. 

I alt er det 7 sengeplassar. 
Fasilitetar


Stove
TV, DVD/CD spelar, radio. Spisebord med plass til 10. Sofakrok, Vedomn i tillegg til el-oppvarming

Kjøken
El-komfyr, steikeomn, kaffetraktar, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt med servise, kokekar med meir. 

Uteplass med bord og stolar, grill

På soveromma er det dyner og puter i sengene 

Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Aktivitetar i tunet
Om oss
Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Om oss

Liv og Even er vertsskap på Vetlemyrane. I 2005 og 2006 bygde vi opp tunet på Vetlemyrane med hus frå eit eldre tun og ny fjøs til sauene. Livet på Vetlemyrane er det gode livet for oss. Her bur vi tett på naturen og kan følgje med på skiftingane i årstidene, vær og vind. I tillegg til gardsdrifta arbeider vi med landbruksrådgjeving og driftsleiing for skogbruket. Vi trivst godt med folk på tunet, og ynskjer at alle gjestene våre skal ha ei god oppleving.

Vi har god lokalkunnskap, og kan gje gode råd og informasjon om attraksjonar, opplevingar og fine turar i skogen og i fjellet. I helger og i feriar treffer du ofte ein av sønene våre eller dottera vår i tunet. Dei bur alle andre stader, men tek seg gjerne ein tur heim.

På Vetlemyrane legg vi vekt på å ta vare på kulturminna, historia og tradisjonen knytt til gardsdrifta. Det gamle kulturlandskapet med beite og slåttemark er ein flott ramme rundt tunet, og kvart år vert dei bratte bakkane slått med ljå og tohjulsslåmaskin. 

I tillegg til dei 80 sauene, har vi tre hundar på tunet. Border colliane Mistra og Scott har Liv trena opp til å gjete sauer. Dei er til god hjelp når vi skal flytta flokken frå det eine beitet til det andre. Blandingshunden Bonzo har vi berre for kos.

Når vi skal slappe av, tek vi gjerne ein tur til skogs eller til fjells, både til fots og på ski. Vi likar oss tett på naturen, og den beste roen finn vi i stølsveggen ein sommarkveld, eller på ein fjelltopp med utsyn over heile Hardangerfjorden. 


 

Kontakt


Adresse
Soldlalsv. 30. N-5610 Øystese

Telefon:

+47 951 31 358

E-post:

post@vetlemyrane.no

Eller send oss ein melding direkte,
ved hjelp av skjema under.

Send førespurnad til oss!

Fyll inn detaljane i di bestilling her

Send melding
Namn
E-post
Tal vaksne og tal born
Dato for å sjekke inn
Dato for å sjekke ut
Kommentar
Send melding

Opplevingar i nærområdet

(Klikk på dei ulike tittlane i bold for å gå direkte til dei ulike nettsidene)

Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Lokalt i Kvam


Kvam Turistinformasjon. 
Den offisielle turistinformasjon for Kvam Herad. Sjøtunet og Kvam Herad ligg midt i hjarte av Hordaland, omlag ein times køyretur aust for Bergen. Her kan du nyta fjord, fjell og det beste Hardanger kan by på av natur, kultur og historie.


Fyksesund Landskapspark 
Fyksesund er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Båtturar til den veglause grenda Botnen, vandring på godt merka turstiar, serveringsstader med lokale smaksopplevingar, utsal av lokal mat, omvising i frukthagar, kajakkutleige, klatring, visningsanlegg for oppdrettslaks er blant tilboda du kan nytta deg av.


Steinstø Fruktgard og Kakebu 
Gler seg over å by på kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplesaft, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt. Dei har kafé og utsal, Steinstø Frukt- og Kakebu – ved riksvegen, og gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet. Dessutan tilbyd dei ulike aktivitetar for store og små.


Kunsthuset Kabuso/Ingebrigt Vik Museum 
Kabuso byr på skiftande utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Der kan du oppleva ulike former for kunst, frå verk av til dømes J.C. Dahl, til Damien Hirst. Ei permanent utstilling av den lokale bilethoggaren Ingebrigt Vik. I kammermusikksalen vert det skipa til konsertar og andre arrangement gjennom heile året. I tillegg finn du butikk med bøker, kunstkatalogar og liknande, og ein kafé med lokale produkt, heimebaka kaker av ulike slag.


Gullfiskavatnet 
I Gullfiskvatnet kan du mate ”Gullfisk”! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Fin raste- og badeplass. Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 5 km frå Øystese på fylkesvegen til Porsmyr/ Fyksesund. 
 

Hardanger Golfklubb 
6 hols bane med drivingrange. 

Klikk her for adresse og kart. 

Hardanger Fartøyvernsenter 
Er eit maritimt museum som legg vekt på at gjestane skal få sjå handverkarane i arbeid. Alle verkstadane (smie, reiparbahn, båtbyggjarverkstaden og retaureringsverft) er ope for besøkande. Som gjest kan du prøva dine eigne ferdigheiter i små verkstader. I tillegg finn du butikk og kafé.


Steinsdalsfossen 
Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur.


Fotturar i skog og mark/ Fjellturar/ Bær- og sopplukking 
Ein treng ikkje reise langt frå Vetlemyrane for å finne flotte turalternativ. Ein kan velje mellom korte og lange, tyngre eller lettare turar. Følg linken over for meir informasjon om dei ulike turane og spør oss gjerne om du skulle vera i tvil.

Dagsturar i nærområdet

Trolltunga
Den unike steinformasjonen Trolltunga henger 700 meter over Ringedalsvannet i Skjeggedal og rager horisontalt ut fra fjellet 1100 meter over havet.Ytterst på  fjellhylla kjennes det nesten som man svever mellom himmel og hav.


Bergen
Velkomen til Bergen, ein gamal by med eit ungt sinn. Ein by med føtene i sjøen, hovudet i skyene og hjarta på rett plass, full av smittande Bergens-begeistring som meir enn gjerne delast med besøkjande.


Folgefonni Breførarlag 
Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1. mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St. Hans og breturar etter den tid.
 

Folgefonn Sommarskisenter 
FONNA Glacier Ski Resort ligg på nordsida av Folgefonna 1200 m.o.h. i hjarta av Hardanger. Det 1100m lange skitrekket som kan transportera 1200 pers. i timen, har ein høgdeforskjel på 250m. Sommerskisenteret tilbyr alpintløyper, freestylepark, langrennsløyper og guida trugeturar. Somarsesongen startar 1.mai og sluttar 31.august.
 

Hardangervidda Natursenter 
Lokalisert i Eidfjord og er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter. Dei byr på tre etasjar med spennande utstillingar, dioramaer, interaktive stasjonar, utradisjonelle akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar. Dei er eit autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda og formidlar kunnskap og opplevingar om geologi, botanikk, glasiologi, zoologi, arkeologi og ornitologi. Deira nyskapande formidlingsteknologi er ei oppleving for hele familien.



Baroniet i Rosendal 
Baroniet Rosendal var eit baroni i noværende Kvinnherad kommune i Hordaland. Baroniet var Noregs einaste og blei oppretta i 1678 av kong Christian V av Danmark-Noreg. Det driftast i dag som eit levande museum med omvisingar, konsertar, foredrag, teater, kunstutstillingar, overnatting og servering.


Norway in a nutshell 
Turane til NIN er tilrettelagt for at du skal kunne reise på eigahand. For å gjera det enkelt, har dei lagt opp til gode forbindingar i sine rutetabellar. Ein fleksibel billett gjer at du kan stoppa undervegs og nyta nokre ekstra dagar der du måtte ynskja det. Fjord Tours ynskjer å ta vare på miljøet, difor nyttar dei offentlig transport på sine turer.


Den Norske Turistforening/Kvam Turlag 
Den Norske Turistforening (DNT) er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 250.000 medlemmer. Organisasjonen består av 57 medlemsforeninger med tilknytta lokallag. DNT arbeidar for å framme eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennleg friluftsliv og for å bevara natur og kulturverdiar. Klikk på tittelen over og finn turar i nærleiken av sjøtunet.

 

Vinteraktivitetar

Furedalen 
Omlag 30 min frå Vetlemyrane. 
 I Furedalen er det 2 store skitrekk på hver 950m og et barneskitrekk med tilsyn i skjermet område. Det er 6 alpinbakker med til sammen 7.7km lengde, flere vanskelighetsgrader. I tillegg til alpint, egner anlegget seg svært godt for brett og telemark. For de minste er det egen akebakke. Skikro og varmestue er åpne når anlegget er i drift. Skiutleie med godt utvalg i alpinski, brett og noen turski.


Eikedalen
Omlag 35 min frå Vetlemyrane
. Eikedalen Skisenter byr på 7 ulike heisar som tar deg til eit breit utval løyper. I tillegg finn ein varmestove med kaféteria, skiutleige og skiskule for ulike nivå. Følg linken over for meir informasjon om opningstider og snørapport.

Sjusete Skisenter 
Omlag 15 min frå Vetlemyrane.
 finn du Sjusete Skisenter. Kilomter på kilometer med preparerte løyper til deg som er glad i å gå på langrennski. 
Copyrigth © 2017 Vetlemyrane Gard 
Levert av Bukken AS
System provided by GetShop AS - www.getshop.com