Vi har to gjetarhundar, Mistra og Scott, som vi brukar når vi flytter sauene frå beite til beite. Vi har også gått gjetarhundprøve med dei, og om sommaren kan dere få sjå på trening eller vere med når vi skal flytte sauene frå det eine beitet til det andre. Vi har dagleg tilsyn med sauene på beitet. Då har vi som oftast med noko godt til dei, og om de vil kan de vere med å sjå til sauene.